Ynskjer idrettshall i Førde

Ta inn hele skjermen 04.02.2010 163104.bmp

15-år gamle Martin Gomnes Nygård og fleire andre ønskjer seg eit stad kor man kan spele inne. Idrettshall er meget ønskeleg. No har førdianaran oppretta eigen gruppe på Facebook.

Facebook kan brukast til mykje rart. Der kan medlemmar også lage grupper. Eg kom over ei gruppe fredag, kor folk ønskjer seg fotballhall i Førde. Det vil seie ein idrettshall.
I skrivande stund fredag kveld/natt, har gruppa 151 medlemmar.

Redninga vart "skreddaren på frogner"

I laurdags utgåva av Firda skriv Randi Førsund frå Hyllestad følgjande:
“Finnmark og Sogn og Fjordane er dei to minste fylka i landet med dei same utfordringane, som mangel på tilbakeflyttarar, kompetansearbeidsplassar og dårleg omdømme – for ikkje snakke om dårleg sjølvbilete!”

Ja, vi er det nest minste fylket og har sjølsagt som mange andre fylke utfordringar i høve tilbakeflytting og utvikling av fleire kompetansearbeidsplassar.

Visjon, mål og verdiar for Førdesamfunnet

No har visjonsgruppa i Førde Framover jobba fram eit utkast til visjon og mål for Førdesamfunnet. Samstundes inviterer vi alle til å gje sitt syn på kva som bør vere verdigrunnlaget for Førdesamfunnet inn i framtida. Du kan stemme på fire verdiar på nettsida til Førde Framover

Merk at visjonsgruppa ikkje har laga strategien for korleis nå visjonen. I mange tilfelle er måla slik at det vil gi seg sjølv, men her må politikarar, næringsliv og innbyggarar dra i lag.

Kommunesamanslåing?

Heia Førde!

Entusiasme, stoltheit og identitet er viktig i all omdømmebygging. Det kan gjere underverker for både store og små. Fotballkampen i helga, der Førde rykka opp i 2. divisjon, viser at vi er på god veg. Over 1500 tilskodarar heia laget fram. Gratulerer Førde!

Rendez - Vous vann arkitektkonkurransen

Måndag 19 oktober 2009 blei av vinnar av plan- og designkonkurransen for det nye rådhuskvartalet kunngjort. Vinnaren blei arkitektfirmaet: Nordplan AS Mestres Wåge Arquitectes og 70gr. Nord, for vinnarutkastet Rendez – Vous.
(Kjelde: Førde kommune si heimeside. )

Kva tykte du om vinnarutkastet for det nye rådhuskvartalet?

Eigne meiningar om det nye rådhuskvartalet i Førde

Det har vore presentert 6 ulike skisseframlegg av det nye rådhuskvartalet i Førde sentrum både i avisa Firda og på kommuneheimesida og har også vore utstilt i Utstillingsalen på Førdehuset i perioden frå 17 september til 9. oktober.
Utkasta verkar spennande, og eg trur nokre av forslaga kan brukast og såleis vere aktuelle kandidatar for realisering, medan andre er litt tvilsame om dei i det heile kan realiserast utifrå storleik i kostnad og eigedomsforhold, men det blir då i så fall eit forhandlingsspørsmål mellom partane i området. Det blir opp til juryen og ikkje minst kommunen med dei folkevalde å avgjere kva planløysing dei vil velje.
Personleg tykkjer eg er nokre av utkasta verkar gamalmodige med preg av den tradisjonelle 60-70 tals arkitekturen med firkanta blokker i kontrast med vestlandsvêret i det typiske regnlandet som Førde er ein del av. Førde har ein del hus/bygg med flate tak, og treng vi fleire av dei? Andre av framlegga er litt meir spenstige med skråtak i fleire vinklar og har som regel ein fordel i at regnvatnet renn snøggare vekk, som framlegga til ”Rådhusplassen” og ”Jølstra på tvers.” Det er i alle fall vurderingar ein må ta i samband med tanke på vedlikehald og bruk av materiale.
Ei anna side er at på nokre av arkitektframlegga, kan ein lure på om kva for eitt av dei bygga som er rådhuset og kva som er hovudinngangen?
Dette bør vere avgjerande moment for val av planløysing. For ingen er vel tent med må å måtte gå kvartalet rundt for å finne inngangen til rådhuset. Framleis møter eg folk som spør kor det noverande kommunehuset er.
No treng ikkje situasjonen vere låst, og det vil vonlegvis vere rom for justeringar i det utkastet som eventuelt blir valt, slik at skissene som er lagde fram, ikkje gje det heile og fulle biletet av korleis rådhuskvartalet kjem til å sjå ut når både utbyggjar og arkitekt har kome fram til den endelege planløysinga. Men skissa kan gje ein peikepinne om korleis forma kan bli og det kan vere lurt å gjere kommunen som planleggjar merksam på nye moment.
Mitt råd til juryen og dei folkevalde er at rådhuset bør stikke seg fram og vere eit tydeleg bygg som er karakteristisk og syneleg i bybiletet slik at det er lett å finne fram. Sjølvsagt kan ”prikken” over i-en vere at rådhuset har eit klokke med visarar på framsida som td. i skisseframlegget ”Byens hus” med eit synleg kommunevåpen som folk kan orientere seg etter. Klokkeur er noko som er særeigen detalj for mange rådhus rundt om i Europa og i verda elles. Rådhuset bør vere ein sosial møteplass både innanfor og utanfor.
Innanfor kan rådhuset fungere som ei slags vidareføring av Førdehuset , som ein sosial møteplass og ei kjelde for informasjon om det som skjer i kommunen der vedtak vert fatta og der folk har høve til å følgje møta. I tillegg vil rådhuset huse fleire offentlege tenester, som sørvistorg med bibliotek/mediatek, NAV, skattekontor, kommunelækjar og -tannlækjar osv., og såleis oppfylle kommunen si målsetting om nærleik til folket, som dei kan vende seg til om ulike saker.

Bystyresalen bør også vere til allmenn bruk, for folkemøte, kongressar, tilstellingar og konsertar og andre arrangement. Det bør vere Kafe/kafeteria/kantine med høve for uteservering, og ikkje minst, offentleg toalett. Rådhuset bør sjølvsagt tilfredsstille krava til universell utforming, karbonnøytral oppvarming og ENØK-tiltak.
Planmessig bør rådhuset følgje retningslinene for sentrumsutvikling i Førde med byrom og aksar der hovudinngangen til rådhuset ligg den opne plassen, Langebrutorget.
Så bør ein skrinleggje spontanforslaget frå Botforkonferansen, som var ein idédugnad om byutvikling arrangert av kommunen hausten 2008 der forslaget var å opne opp att heile gamlevegen gjennom Hafstadvegen.
Det var eit lite gjennomtenkt forslag som ikkje ville lette traffikkflyten gjennom sentrum i nemneverdig grad og ikkje er nokon god byutviklingpolitikk dersom intensjonen var å skape ein mindre trafikkert sentrum til fordel for mjuke trafikkantar. Ein må finne andre løysingar som stimulerar folk til å sette frå seg bilen og gå eller sykle meir. Sidan ordførar Nils Gjerland har lansert ideen om sykkelbyen, noko som er positivt, må ein følgje opp for å gjere det lettare for folk å sykle meir.
Langebrutorget som skal fungere som ein sosial møteplass, kan nyttast til både torgsal og ulike arrangement og tilstellingar som sommarfesten, Førdefestivalen og meir. Dette kunne utviklast til ein open plass med fontene, benkar, tre og skulpturar laga av profesjonelle kunstnarar for utsmykking både lokale og nasjonale så vel som internasjonale kunstnarar på ulik område.

Det nye Rådhuskvartallet i Førde.

Dersom man leser Debatt siden av Firda 5.10.09, er det et flott bilde av Rådhuskvartallet i Førde, dersom det utkastet slår igjennom vil det bli meget fint rundt Rådhuskvartallet i Førde.

Om overblikk/puls på Førde

Pga. deilig ver i helga og tur til Bremanger, las eg ikkje bloggen til Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane, før i går. Om finanssenteret Førde…

Etter hans erfaring har storleik noko å seie. Ikkje minst når det gjeld kompetansemiljø. Difor har draumen hans vore å utvikle Førde til å bli så stort når det gjeld bankar og beslekta verksemd, at det blir attraktivt for dei som ønskjer ei karriere innanfor dette fagområdet.

Kva syns du om forslag til nytt rådhus?

Dei seks forslaga i plan og designkonkurranse for Rådhuskvartalet er utstilt i Førdehuset i perioden 17. september til 9. oktober. Vinnar av konkurransen vert offentleggjort i oktober månad 2009.

Kva syns du om dei? Legg att kommentarar her, eller send dei til postmottak@forde.kommune.no

Dette er slik eg har forestilt meg Norge.....

Til tross for store bevilgninger til E39 må planlegging gjennom Førde startes nå

3,8 mrd kr er lagt inn i Nasjonal Transportplan for E39 i Sogn og Fjordane inklusiv Kvisvegen. Det gir rom for store strekningsvise utbedringer i fylket vårt de kommende årene.

Det er rett som Leif Arne Åsen sier til Firda at transportplanen er et intensjonsdokument og at det er de årlige statsbudsjett som bevilger kronene. Den sittende regjering med Senterpartiet i samferdselsdepartementet er imidlertid en god garanti for at pengene blir bevilget. De siste fire årene har sågar transportplanen blitt overoppfylt. I motsetning til alle tidligere regjeringer som bevilget for lite på sine statsbudsjett i forhold til vedtatt transportplan.

Stans nedbygginga av Førde Sentralsjukehus!

Diskusjonsforumet Førde Forum åtvarar no politikarane mot det dei karakteriserer som ei nedbygging av Førde Sentralsjukehus. Forumet viser til at det dei siste sju åra har vore ei omfattande nedbygging av sjukehuset.

I uttalen heiter det;

Kva har Førde å by turistane?

Tips til kunstturar i Førde

Førde Framover si sommargåve til innbyggjarar og tilreisande i Førde er dette heftet, som viser to ulike turar du kan ta for å finne kunstverk plassert ute i Førde.
Det er sett opp ei raud gårute og ei blå køyrerute. Vi håpar den vil falle i smak og inspirere til ein kunsttur i Førde!

Ute og inne

Tankar rundt ein frukost i Førde

”Når sola skin over Hafstadfjellet, veit vi at våren er komen på ny”. Slik startar Førdesongen, skriven av Margrethe Henden Aaaras med musikk av Erik Henden Aaraas/Samora. Dette var Førdefestivalen sin dag der ein kunne nyte sola over Hafstadfjellet og innta ein god frukost blanda med musikk i frå ulike kulturar.

Har du ein gammal Bergheim-sluk ?

Høyr Førdesangen - sjå Førdefoto

Det var tenåringsgruppa frå Førde “Samora” som vann Førde Framover sin sangkonkurranse. Gruppa framførte sangen for første gong under Sommarfesten -09, der gutane fekk møte dei andre artistane og hadde slik ei stor oppleving. Sjå og last ned “video”:

Flott bilete frå gamle Førde

Reidun Gjertsen Helgås har lasta opp fleire gamle bilete frå Førde her på Førde Framover. Veldig artig å sjå for meg som ikkje er innfødd, og sikkert moro for dei som vil mimre også. Takk for bidraga!

Kva skal brua heite?

Formannskapet i Førde har vedteke den 4. juni, følgjande namn på brua, gangstien og parken i sentrum. Bankbrua, Jølstrastien og Festplassen er no dei offisielle namna.
Men kva skal gangbrua frå Festplassen til Hafstad vidaregåande skule heite?

Rådmannen sitt namneframlegg var Festplassbrua. Dette er kanskje litt tungt å uttale, så Formannskapet etterlyser no fleire gode idear.

Rundturen "Sognefjorden in a nutshell" med Dalsfjorden og Gaularfjellet har starta

Rundturen har no starta opp og går kvar dag fram til 1 sept. Dagleg kan du no reise til og frå Bergen og inn Dalsfjorden med forbindelse vidare til Førde, Balestrand, Myrdal og Oslo eller Bergen.
Frå Bergen går Nordfjordekspressen kvar dag kl 08.00 med båtbyte til Christina i Askvoll som tek deg med innover Dalsfjorden. Frå Bygstad kl.14.00 går båten kvar dag i retur til Askvoll.

Og i tillegg, – båten Christina kan hente/ setje av folk i heile Dalsfjorden der det er høveleg kai. Men då må du ringe Bjørn Vold, mob. 91138519 eller Fritz Hugøy, mob. 90919803.
Forutan desse faste rutetidene ordnar dei også skyss når du vil !

Vil rydde opp i stadnamna i Førde

“Snakkisen” i dag er utspelet frå Ståle Sørbotten i Firda, som meiner politikarane må rydde opp i alle stadnamna med by-prefiks som er i ferd med å snike seg inn i Førde.

“Byparken” og “Byfjellet” er verdilause namn og har ingenting med lokale namnetradisjonar å gjere, seier den pensjonerte jordskiftedommaren til avisa.

Hafstad bydel - byutvikling

SV er glad for at reguleringsplanen for Hafstad bydel endeleg vart vedteken med eit klart fleirtal i bystyret (torsdag den 26. mars 2009) mot Frp sine 2 røyster i spørsmålet kring etablering av moske, men ikkje mot katolsk kyrkje.

Fleirtalet valde å sjå vekk frå desse mytologiske påstandane frå Frp og deira sympatisørar, om at moskeen vil representere ei snikislamisering.
Desse påstandane om snikislamisering er etter vår meining tull.

Førde Framover

For deg som bryr deg om korleis Førde skal utvikle seg framover.

Les også heimesida www.fordeframover.no

Kva saknar du, kva er du stolt av, korleis kan vi som bur her bidra til at Førde blir endå meir attraktiv? Det er spørsmål den ideelle gruppa Førde Framover vil ha meiningar om.

Sonen følges av 140 medlemmer.

Origo Førde Framover er en sone på Origo.
Annonse