| Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (tysdag 3. mars 2009). Les mer om roperten… Førde i 2025Her er nokre av bidraga som elevar på 7. steg på Slåtten skule har skrive. Oppgåva var at dei tenkjer seg at dei sjølve bur i Førde. Årstalet er 2025 og dei skal skrive eit brev til ein person som budde i Førde i år 2009. Hallo Sigrun og Jarle No har det kome mykje nytt her i Førde. Det er massevis av nye kjøpesenter og butikkar. Vi har fått ei ny diger tribune på Førde stadion. Det er ei stor tribune med stolar og tak over halvparten av tribuna. Det er parkering under tribunehuset og V.I.P plassar inne. Og endelig er idrettsparken på Hafstad ferdig. Der er det to fotballbaner nesten som store grøne enger. For dei små er det klatrestativ og ei friidrettsbane for dei som driv med friidrett. Etter vi fekk den og fotballbanene har vi fått mykje betre treningsmiljø her i Førde. No er eg ferdig utdanna arkitekt, og held på med tribuna i idrettsparken på Hafstad. Det blir mitt største prosjekt hittil. Så har vi fått taubane opp til Hafstadfjellet. Eg var og med å teikne huset ved taubana til Hafstadfjellet. Det er eit ganske stort hus med store glasvindauge. Det er store beisa treveggar og eit skråtak på toppen. Og ut på baksida går taubana. Gondolane har golv som går sakte rundt, så du kan berre stå i ro og sjå heile området rundt deg. Og endeleg er Slåtten Skule, skulen eg gjekk på blitt kåra til Noregs finaste skule. Det nye huset er nymala og no er skulen for 1-10 klasse. Eg lurer på kva nytt som har kome i Vik der de bur. Nokre av tinga har eg sett men det er lenge sida eg har vert i Vik no. Mange helsingar Håvard 7.steg Hei, du der i 2009 ! Korleis har du det ? Det er no lenge sida eg har høyrt frå deg. Så eg satt meg ned å tenkte at eg kunne skrive til deg. Eg håpar du skriv tilbake. Det hadde vore kjekt. Eg begynte å gå frå der eg bur, Nye Tefre, som det heiter. Her var det nokon gardar eller opne sletter før. Det er nokon nye hus som er raude og veldig breie men ikkje så veldig høge, som er bygd. Nesten som ein liten boks liggande. Rett nedafor oss er det eit stort kjøpesenter, det ser ut som Førde visst du ser senteret ovanifrå. Men eg begynte altså å gå. På fortauet. På fotgjengar-fortauet, ikkje sykkel-fortauet. Det er litt kult at vi har fått. Eg kunne høyre og sjå kjempe masse bilar som tuta og hadde dårleg tid. Det er eigentleg ikkje så veldig bra med denna trafikken, den laga så mykje støy og gjer det farleg for ungane som skal vere ute å leike. Og då ikkje minst all forurensinga bilane lagar. Forurensinga gjer til at det bli mykje regn, altså meir enn det var før! Enten har vi ein heil sommar med berre regn eller ein heil sommar med berre steikande varm sol. Om vinteren er det det same. Berre at det er snø isteden for sol. Men vi treng jo alle turistane som skal både handle, sjå på museum, fotballkampar, håndball kampar og andre ting det går an å gjere her i Førde. Etter kvert kom eg ned mot sjølve Førde. Førdehuset er ny oppussa for eit år sidan. Det er stadion òg, fin tribune med tak rundt heile bana. I Førdehuset er komen tre store kinosalar med mykje folk der heile tida. Bassenget er òg svært med boble bad og fleire sklier. Og inne i hallen er det komen nye tribuner med plass til mykje folk, og så er det lagt parkett på golvet til banene. Noreg spelar kampar der ofte! Ute i ntauren er det ikkje så mykje tre igjen, dei bruka veldig mykje av det til å byggje bygg og andre hus. Men fjella og turane som du sikkert går på, er her vel fortsatt godt bevart. For eksempel Hafstadfjellet, der er det ein litt gammal sendar på toppen, men den fungerer fortsatt. For ca eit år sidan blei det òg laga ein kafè på Hafstadfjellet, Viefjellet og Førdsnipa. Bygget til kafeen er nesten berre av glass, sånn at turistane skal kunne sitje å ete i mens dei ser ut over den fine utsikta. Det er ganske populært. Men dessverre har eg ikkje tid til å skrive meir, sjølv om det har skjedd mykje meir her sidan 2009. Håpar som sagt du skriv tilbake ! Klem, Ingrid 7. steg Hei, det var kjempe kjekt og få brev frå deg, og fint og høyre om alt som var i Førde før, i 2009. Den reine lufta og dei grøne åkrane, og dei små husa som eg husar var så koselege, dei er det ikkje mangen igjen av her i Førde i 2025. Og gårane då, som no er revene, fordi dei ikkje var lønnsame lenger. No er nesten alt annleis, det er ikkje berre gårane som blir revene, hus og, for å få plass til nye blokker eller fordi dei var for stygge. Politikarane og kommunestyret i Førde ville ikkje lenger at førde skal vere den styggaste byen i Noreg. Som sagt no er nesten alt annleis. Du veit skulen som du går på, den er påbygd på grunn av at det er komen masse meir folk hit til Førde. Og den er ikkje lenger berre barneskule, den er og blitt ungdomskule. Det er jo bra. Ungdomsskulen nær kyrkja er ikkje blitt bygd på, men blitt reven og bygd heilt på nytt, den er blitt veldig fin, heilt ny og moderne. Og på dei grøne store åkrane som ein gang var her er det blitt høgblokker og butikkar. Vi har fått ny fotball stadion, som er kjempe fin og stor. Og rommar 13 000 tilskurar. Førde er blitt eit veldig godt fotballag som spelar i 1. divisjon. Vi har og fått nytt golv i handball hallen, pakett. Så no skal dame landslaget i handball snart komme og spele igjen. Men denne gangen blir det mot Spania. Og eit heilt, vertfall eit nesten heilt nytt Norge lag. Det blir kjekt . Det er ikkje berre hallen som er pussa opp, heile førdehuset og. Det og blei kjempe fint. Vi har og fått ein ny og større fly plass, mykje støre. Den er på to. Og frå den og ned til sentrum går det t-bane, så det tar berre litt meir enn fem minutt ned dit. Ellers er det komet innmari masse tunnelar her. Og på øyrane der det var båt verft eller nokke båt greier vertfall, er det blitt kjempe ei stor golfbane og luksus leiligheter. Det er der eg bur. Leiligheta mi er kjempe fin, stor og lys, og har masse vindauge. Ein del av dei er mot golf bana, eg er ikkje så god i golf, ikkje det at eg spelar så innmari masse heller. Men eg skulle eigentlig ønske det, for det ser verkelig kjekt ut. Det er ikkje berre handball, fotball og golf dei har bygd nye ting til dei har og bygd inne ski løype på 3 kilometer, men det er ikkje så viktig for meg, for eg står ikkje så masse på langrenn. Men dei har og bygd ut slalåm bakken i blomlia, eller det vil seie at dei han bygd to trekk lenger opp i fjellet. Fordi det nedreste trekket var så langt nede og der er det så varmt at det nesten ikkje er snø der lenger, berre litt på midten av vinteren.Eg saknar Førde sånn som det var før, dei kalde vintrane spesielt, no i dag er det 25 grader og sol og det berre januar, så klimaforandringa er den kanskje den største forandringa her faktisk. Men akkurat det får eg ikkje akkurat gjort så innmari mykje med. Klem Maria 7. steg År 2025 Hei Erlend og Magnus! Korleis går det med dykk? Lenge sidan eg har treft dykk no. Håper de tar dykk ein tur. Å bu i Førde no er kjekt, Førde har verkelig begynt å bli ein stor by. Håpar vi snakkast snart! Helsing Sondre. Brev frå meg, som bur i Førde i 2025. 14.01.2025 Kjære Marie. Ting går bra her i Førde. Det nye skulen i Angedalen er blitt flott etter at den gamle brann opp. Heldigvis var det ingen som vart skada i brannen, og det har blitt fine hus der oppe, og på skulen er det no fem hundre og seksti sju elevar. Skulen har blitt raudmalt med karmar så kvite som eit vanleg A-4 ark. Eg synes det har blitt heilt fantastisk flott. I går såg nokre folk et par hjortar der og dei syntes det var ein heilt nydelig oppleving. Beste helsing, Lena. framtidsbrev, førde, 2025, klima, handelshus, butikkar, taubane, hafstadfjellet, folketalsvekst, bilar, trafikk, endring, vekst, slåtten, skule, barn
| ||
Kommentarar
Kjempespennande framtidsskildringar! Og i 2024 er det jo desse skribentane som har høve til å styre utviklinga i Førde. Eg har lyst til å bu her då også, for dette er lovande. Og det som kan sjå ut til å utvikle seg negativt, t.d. naturinngrep og øydeleggjing av kulturlandskap, er det høve til å gjere noko med i tide, når vi har fått så tydelege åtvaringar som her. Eg gler meg til å ta lunsj på utsiktskafeen på Hafstadfjellet, ta gondolbanen ned att, og deretter ta magaplask i det nye svære bassenget i Førdehuset, og slappe av i den gigantiske kinoen etterpå.
Det er utruleg spennande å få eit innblikk i kva tankar de har gjort dokke om framtida til Førde! Eg blir både glad og litt nervøs. Det er jo vi som er vaksne i dag som har ansvaret for at framtida blir god. Framtidsbrev som dette gjer meg endå meir engasjert. Takk!